Lerum x 777 Esport

Lerum blir partner i norsk esport  

Pressemelding frå 777 Esport: Lerum ny samarbeidspartnar

Det er ei stor glede å kunne dele eit samarbeid med Lerum, som har så stor nostalgisk og lokal

betydning for oss i 777 Esports. Saft- og syltetøy produsententen er ein av dei største pionerane når

det kjem til utvikling av nye hushaldningsprodukt, samtidig som dei er i verdsklasse på kvalitet og når

det kjem til å halde på si historie og lokale forankring. Frå oppstarten deira i 1907 og fram til i dag har

selskapet gått frå å vere ein liten landhandel i Luster til å bli ein av Noregs største merkevarer. Dei har

alltid, og bidreg fortsatt til å vere med å skape gode minner i gode smakar som f.eks. Lerum sin

julebrus, syltetøy med høg konsentrasjon av bær- og frukt, og ikkje minst Noregs mestselgande saft,

Lerum Solbærsirup. Det er imponerande korleis eit selskap frå Sogn har klart å etablere ein så sterk

merkevare at “hovudstaden” der no blir omtala som Saftbygda Sogndal, i heile landet.

Vi gler oss og spesielt over å dele viktige verdiar med Lerum, når det kjem til bl.a. nyskaping,

bærekraft, inkludering og ambisjonar i våre respektive industriar. Lerum har ein forståelse for

viktigheten av å støtte og heie på talent i både tradisjonelle og utradisjonelle idrettar, og ønskjer ilag

med 777 Esport å videreutvikle tilbod for å kjempe mot utanforskap.

“Vi opplev framleis i jobben vår med å etablere partnerskap at mange ikkje har gaming på agendaen,

då er det ekstra stort når ein aktør som Lerum umiddelbart deler våre tankar og viser tillit til klubben

vår. Det er utruleg gøy når ein 5 minutt ut i første møter forstår at her vil me det samme, at me har dei

same måla, at me begge ønskjer å utvikle unge norske talentar, og ikkje minst at me deler dei same

verdiane. No har me etablert eit samarbeid der Lerum i første omgang går inn som tradisjonell

sponsor, men at begge partar er einige om at dette samarbeidet skal bære fleire og spennande frukter

med tiden.

- Theodor Kvikne, 777 Esport

Eventuelle spørsmål:

Theodor Kvikne, 777 Esport: teddy@777esports.no

Marte Myklebust Åril, Lerum: marte.aaril@lerum.no